Me vil med glede invitere deg som er født i 2012 til ei spanande konfirmasjonstid. Det vert informasjonsmøte i Vangskyrkja onsdag 27. mai kl. 19:00. Påmeldinga opnar torsdag 28. mai kl. 18:00. Me har sendt ut informasjon i posten til alle me har adresse til. Den finn du også her.
Konfirmasjon i kyrkja – ein stad for tru, tvil og fellesskap
Alle er velkomne til konfirmasjon i kyrkja!
Kanskje trur du på Gud. Kanskje tvilar du, er usikker – eller ikkje har tenkt så mykje på tru før. Uansett kvar du står, er du velkomen som konfirmant hos oss.
I konfirmasjonstida får du vere saman med andre på din alder og utforske viktige spørsmål om livet, tru og identitet. Du får nye opplevingar, tid til gode samtalar og høve til å bli betre kjend med både deg sjølv og kristen tru. Her er det rom for å vere seg sjølv – med både tru, tvil og undring.
Me i konfirmantteamet gler oss til eit nytt konfirmantår og håpar å bli kjend med nettopp deg.
Me ønskjer at alle som vil, skal få moglegheit til å vere konfirmant. Dersom det er utfordringar knytte til helse, funksjonsnedsetting, sosiale forhold eller anna, vil Me gjerne finne gode løysingar saman. Det kan til dømes vere tilrettelagt undervisning, mindre grupper eller andre tilpassingar.
Velkomen til konfirmasjon i kyrkja!
PÅMELDING Hovudpåmelding opnar 28. mai 2026 kl. 18:00 og varer fram til 14.06.2026. Grupper som vert fulle blir stengd. Du kan likevel gje oss ei melding i påmeldingsskjemaet om du eigentleg ynskte ei anna gruppe.
INFORMASJONSBROSJYRE kjem i posten til alle medlemer og dei som har bedt om å få informasjon. De finn òg brosjyra HER.