Voss Kyrkjeakademi


Voss Kyrkjeakademi


Voss Kyrkjeakademi inviterer til interessante temakveldar i Vonheim. 

PROGRAM VÅREN 2026

Måndag 4. mai kl. 19.30 i Vonheim

FUK-KFUM Voss og Voss Kyrkjeakademi inviterer til kveld, midt i livet:

Mitt barndomsparadis var ein krigsflyplass

Krigshistorier fortalt med ord og tonar, ved Ragnar Tesdal og musikkvener

Det er lenge sidan det var krig i Noreg, og me har ikkje lenger mange tidsvitne mellom oss. Krigsforteljingane lever, men dagens generasjonar har ikkje kjent krig på kroppen. No opplever me at våre allierte går til krig, og at forsvars-alliansar ikkje er så sikre lenger.

Me blir urolege, og har ikkje lenger den trygge forventninga om fredelege tider, slik me har hatt i mange tiår. Når me inviterer til ein kveld med andre verdskrig som tema, er det ikkje for å «setja krig på kartet», men for å høyra meir om kva som heldt dei oppe, dei som levde fem år av livet sitt under okkupasjon og krig.

Ragnar Tesdal hadde sine seks fyrste leveår på Herdla. Der hadde tyskarane sin hovudflyplass for Vestlandet, og bygdene der var prega av dette dei fyrste tiåra etter krigen. Tesdal, eller «Raggen» som vossingane likar å kalla han, har dette som utgangspunkt. Han formidlar gjennom ord og musikk, og tek mellom anna fram songar der tekstane vart skrive i tysk fangenskap. Gjennom dette får me innsikt i korleis folket kom seg gjennom krigen.

Etter foredraget fortset me praten over felles kveldsmåltid. Det er også mogleg å komme berre til kveldsmaten og bli med på triveleg prat over borda.

Betaling i døra / vipps: 100 kr / (skuleelevar gratis!)

Kvelden er eit samarbeid mellom KFUK-KFUM Voss og Voss Kyrkjeakademi, og er støtta av Folkeakademiet. Varmt velkomne!

                                                                                                           ♦♦♦

Voss kyrkjeakademi er ikkje direkte underlagt vår verksemd, men er del av ein landsdekkjande sjølvstendig organisasjon, Norske kirkeakademier. Me har likevel eit tett og godt samarbeid.

Du kan lese meir om verksemda og aktivitetane til Norske Kirkeakademier her.

Tilbake