Voss kyrkjelyd har misjonsavtale med NMS (Det Norske Misjonsselskap), og støttar deira arbeid i Etiopia. Sidan starten i 1970 har NMS samarbeidd med den lutherske Mekane Yesus kyrkja.
NMS sitt hovudmål er:
å dela trua på Jesus, utrydda fattigdom og kjempa mot urett.
Ei hovudoppgåve er å støtta og lyfta opp marginaliserte grupper i samfunnet. NMS er med på å gje menneske tilgang til utdanning og moglegheit til å lesa og høyra tekstane frå Bibelen på eige morsmål. Dette styrkjer den einskilde sitt sjølvbilete og skapar positiv kristen identitet. I tillegg er aktivitetar som styrkjer kvinner sin posisjon i kyrkje og samfunn ein viktig del av arbeidet.
Det er store skilnadar i Etiopia - mellom fattig og rik, menn og kvinner, ung og gamal, og ikkje minst mellom dei mange ulike folkegruppene. Vald mot kvinner er langt på veg akseptert i samfunnet, mange etniske grupper har ikkje fått del i den økonomiske utviklinga, og unge menneske har dårlige framtidsutsikter.
NMS jobbar også for eit meir berekraftig jordbruk og betre mattryggleik.
I kyrkjelyden vår vert det samla inn til prosjektet gjennom heile året - både ved ofringar på gudstenester og kollekt på Bibel & Misjon-samlingane. I tillegg inviterer me til ein misjonsfest om våren.
Her kan du lesa meir om NMS sitt arbeid i Etiopia: NMS sitt arbeid i Etiopia
Ynskjer du å støtta dette arbeidet, har misjonsprosjektet sitt eige Vippsnummer: 505877.