Her finn du konfirmasjonsdatoane våren 2027 og korleis du får informasjon om konfirmantåret.
I overgangen april - mai får alle 14-åringar som står i medlemsregisteret vårt, brev i posten med informasjon om konfirmantundervising skuleåret 2026-2027. I brevet finn de òg informasjon om korleis ein melder seg på som konfirmant i kyrkjene våre. All info me sender i posten vert òg lagt her på nettsidene våre.
Datoar for konfirmasjon 2027
Vangskyrkja
I utgangspunktet set me opp konfirmasjon i Vangskyrkja ut frå klassen konfirmantane går i på Voss ungdomsskule. Om tidspunktet vert vanskeleg, er det i dei fleste tilfelle, mogeleg å byte dag.
A-klassen: Sundag 2. mai kl. 10:00
B-klassen: Sundag 2. mai kl. 12:00
C-klassen: Laurdag 8. mai kl. 10:00
D-klassen: Laurdag 8. mai kl. 12:00
E-klassen: Sundag 9. mai kl. 10:00
F-klassen: Sundag 9. mai kl. 12:00
Vinje kyrkje
Laurdag dato kjem
Granvin kyrkje
Sundag 9. mai kl. 11:00
Evanger kyrkje
Kristi himmelfartsdag, torsdag 6. mai kl. 11:00
Raundalskyrkja
Etter avtale med dei det måtte gjelde.