Voss sokn ynskjer å satse på barn og unge. Difor set me i gang ein givarkampanje.
Kunnskapen om, og kjennskapen til, kristen tru har gått ned blant unge i seinare tid.Løyvingar frå heradet til fellesrådet går ned grunna heradet sin økonomi, som igjen påverkar Voss sokn. Samstundes ser me no fleire barn og unge på både gudstenester og Supertysdag enn tidlegare i soknet vårt, og det er svært gledeleg! Då treng me eit apparat som tek imot både barna og foreldra på ein god måte, og det har òg ei økonomisk side.
Me er eit stort sokn med rundt 10 000 medlemmer, og treng meir mannskap for å undervise barn og unge, legge til rette for meir involvering av barn og unge og koordinere frivillige. Me ynskjer å satse på ein barne- og familiearbeidar i 20-30 % stilling som kan arbeide med dette inn mot gudstenester, søndagsskule og Supertysdag.
Mål for givarkampanjen: 150 000 kr i året. I første omgang til ei prosjektstilling for eitt år, men mål om forlenging. Beløpet kan høyrast mykje ut, men om 25 personar gir 500 kr i månaden så kjem me faktisk i mål.
Me oppmodar om å bli fastgivar til dette prosjektet. Det vil hjelpe soknerådet i det strategiske arbeidet og gi føreseielegheit både for soknerådet og den tilsette. På nettsida voss.kyrkja.no står det meir om korleis ein kan teikne avtalegiro eller gi fast via Vipps. Du kan òg kontakte kyrkjekontoret. Det vert gjeve skattefrådrag for gåver inntil 25 000 kr årleg.
Vil du bli med på dette løftet for kyrkja vår?
No kan du registrera deg som fastgjevar via Vipps. Ved å skanna QR-koden nedafor, kan du enkelt leggja inn beløpet du ynskje å gje. Deretter vil du automatisk verta trekt same beløp kvar månad framover så lenge du ynskjer å vera fastgjevar.
